Informasjon

  • sted

    Det Akademiske Kvarter

  • arrangør

    Studentersamfunnet i Bergen

  • dato

    14. - 15. april 2018

  • tid

    21:00 - 03:00

  • pris

    50,-

  • aldersgrense

    20 år, 18 år med studentbevis

Helhus: Stjernekrig // Silent Disco

I ein galakse langt, langt vekke skal Star Wars fylle Det Akademiske Kvarter. Kom for ei unik moglegheit til å oppleve alle dine favorittplassar i universet!

Me avsluttar fokusveka «Krig» med ei feiring av den intergalaktiske stjernekrigen, som har prega fleire generasjonar. Bli med inn på The Millenium Falcon eller ta sjansen på å nyte ein Alderaan Twist. Kjøkkenet på Kvarteret diskar opp med deilige Star Wars-inspirerte rettar. Du kan òg nyte Star Wars-musikk i Mos Eisley Spaceport. Kanskje får du sjansen til å møte ein stormtrooper eller sjølvaste Darth Vader?

Test dine kunnskapar i quiz før eit akademisk vorspiel med Star Wars-ekspert,  og Petter Aagaard, forfattar av A Disturbance in The Force – Imperiet slår sprekker.  Kom og spør om alt du lurar på om dette universet, eller for å lufte dine eigne meiningar om filmane.

Det blir ein fest for både Jedi og Sith, rebels og stormtroopers, smuglarar og prinsesser. Kom utkledd som din favorittkarakter, enten det er Han Solo eller Ahsoka Tano.