Informasjon

  • sted

    Storelogen

  • arrangør

    Studentersamfunnet i Bergen

  • dato

    13. mars 2018

  • tid

    20.00 - 22.00

  • pris

    50,-/semestermedlemskap

  • aldersgrense

    20 år, 18 år med studentbevis

Musihkka, tónleikur, musik

Har du nokon gong lurt på korleis dansk folkemusikk høyrast ut? Kva med færøyske viser eller saknet etter samiske tonar? Då er dette noko for deg!

Me samlar folkemusikk frå tre nordiske land til ein konsert av dei sjeldne.  Denne kvelden vil me presentere ei samling av nordiske klangflatar frå både den moderne og den tradisjonell folkemusikken. Folkemusikk vart ikkje skreve ned før på 1800-talet, men gjekk i staden frå utøvar til utøvar. Musikken har overlevd gjennom tidene, og skal atter ein gong spelast storslått i Storelogen.

Samisk korsang, færøyske visar, og dansk folkemusikk vil vere fokus for møtet. Det vert framføring av ei rekkje verk, både av innleiarane våre og av musikarar frå Bergen Filharmoniske Orkester. Me får høyra verk i ei moderne setting, men også folkemusikk på tradisjonelt vis. Kvar for seg er stykkene veldig ulike, men kanskje har dei noko til felles likevel?


Til møtet kjem Sara Ravna Lindmark, ein ung komponist som skriv samiske korverk, Hanus G. Johansen som vil framføre eigne færøyske viser og snakke om færøysk musikkultur, og duoen Olav Tveitane og Anna Egholm Pedersen skal spele dansk tradisjonsmusikk for oss.