Upop inviterer til eit historisk dykk i miljørørsla på 70-talet, der inspirasjon frå romfartsindustrien la grunnlaget for debattar og organisering av kampen for eit betre miljø og ei meir harmonisk verd. Se event på våre hjemmesider: http://samfunnet.sib.no/events/%E2%80%9Dnar-jorda-vert-eit-romskip%E2%80%9D/
Innleder: Peder D. Anker Førsteamanuensis (Associate Professor), New York University
I 1968 sendte Apollo 8 dei fyrste bileta av jorda sett frå månen. Fotografia kom raskt til å representera visjonar for ei meir harmonisk verd, ikkje minst for den veksande miljørørsla. Peder D. Anker, førsteamanuensis ved New York University, kjem til Studentersamfunnet for å presentera miljørørsla si utvikling og den finurlege relasjonen til romfartsvitskapen. Anker ser på korleis miljørørsla vart prega av nyvinningane i romfarten og korleis ein brukte deira døme i arbeidet med miljøspørsmål.
Økologar brukte organiseringa av romskipet som eit lukka system for å forstå livet på jorda. Arkitektar og designarar bygde miljøhus med romskipet som ideal. Miljøetikarar sette opp astronauten som sitt førebilete for korleis ein bør leva i harmoni med naturen. Som ein konsekvens av at forskarar starta å bruka personlege datamaskiner, vart jorda ofte formatert og forstått virtuelt som eit lukka romskip. Under møtet vil Anker sjå på korleis ein kan forstå dei bakanforliggande ideala som styrer miljødebatten når jorda vert eit romskip.



Møte i Teglverket