Informasjon

  • sted

  • arrangør

    Immaturus

  • dato

    27. - 28. april 2019

  • tid

    15 - 03:00

  • pris

    150

  • aldersgrense

    20 år, 18 år med studentbevis

Dionys-oss teaterfestival

Frå 15:00 kan du nyte teater frå fleire hjørne av Skandinavia, medan nattemørkret senkar seg, kan du synge deg inn i natta i lag med Beat for Beat, le deg i hjel på Improshow og danse deg sveitt på Silent Disco.

Laurdag 27. april inviterer Studentteateret Immaturus deg til det ultimate heilaften på Det
Akademiske Kvarter. Opplev det beste frå dagens scenekunst, laga av og for studentar frå
heile Skandinavia. I tillegg kan du ta deg ein god gammaldags fest i antikken si ånd når me
gjer Kvarteret om til eit antikt paradis. Velkomen til Dionys-oss festivalen!
I Noreg finst det fleire studentteater som kvart semester skapar teaterforestillingar for
norske studentar. Denne laurdagen samlast både Teater Neuf (Oslo), Studentersamfundet Interne Teater (Trondheim) og Studentteateret Immaturus seg til festival her, i Bergen. I tillegg kjem det danske teaterkompaniet Kælderen for å kasta eit internasjonalt preg over det heile.
Frå 15:00 kan du nyte teater frå fleire hjørne av Skandinavia, medan nattemørkret senkar
seg, kan du synge deg inn i natta i lag med Beat for Beat, le deg i hjel på Improshow og danse deg sveitt på Silent Disco.
Anten om du er ein trufast teatergjengar eller ikkje, om du tidlegare har deltek på togafest i fadderveka eller du valde sitte heime. Denne dagen er nettopp via til deg.
FESTIVALPROGRAM
13:00 Festivalbod opnar // SPEILSALEN
15:00 Opning // HALVTIMEN
”Kvinnemonologene” av Teater Neuf (Oslo) // TEGLVERKET
Kl. 16:00 + 20:00
https://www.facebook.com/events/359646517985635/
”Siste natt på Samfundet” – Eit høyrespel av Studentersamfundet Interne Teater (Trondheim) i
STORELOGEN
Kl. 16:00 + 18:00
https://www.facebook.com/events/1017178241821839/
”Mellem Vægge” av Kompani Kælderen (DK) i TIVOLI
Kl. 18:00 + 20:00
https://www.facebook.com/events/293468334910288/
”Dionysia” av Studentteateret Immaturus (Bergen) i STORELOGEN
Kl. 22:00
https://www.facebook.com/events/320525675323175/
21:00 Togaverkstad // Korridoren
21:30 Beat for Beat // Speilsalen
22:00 Sett blad på penis/vagina // Maos Lille Røde
23:00 Antikken Improvisert – Improshow // Tivoli
00:00 Silent Disco // Teglverket
BILLETTPRISAR
CC Festival: 150
CC Helhus: 50
ID: 20 (18 m/studentbevis)
Med festivalpass får du tilgang til heile programmet for Dionys-oss studentteaterfestival. Festivalpass vert kjøpt på TicketCo eller i festivalbua i Speilsalen på festivaldagen. Billettar til enkeltforestillingar må hentast frå festivalboden før forestilling.
Dionys-oss studentteaterfestival vert arrangert med støtte frå Kulturstyret og Bergen kommune.
Les meir på immaturus.no