Informasjon

PubhD

Formatet er beintøft: 10 minuttar foredrag og 10 minuttar med spørsmål frå salen. Så vidare til neste deltakar. Det er igjen duka for PubhD!

Å nerde er alltid kjekt, men det er vel endå kjekkare å nerde på pub med ein iskald Hansa i handa? Det går føre seg ein haug med spanande forsking rett framfor nasa vår her i Bergen. Møt opp og sjå nokre av Universitet i Bergens kulaste stipendiatar i aksjon!
Meir informasjon om disse vert annonsert dei komande dagane her i arrangementet på Facebook.

Visste du at: Det var 1564 som avla doktorgrad i Noreg i 2018? Faktisk var det like mange kvinner og menn som disputerte! Vel og merke var berre 900 av dei norske, og i følgje Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning var andelen norske disputas høgare for ti år sidan. Er det mogleg stipendiattilværa vert for dårleg formidla til lågaregradstudentar?

Innleiarar:

Marianne Tøraasen, forskar på kvinnelege dommarar i Haiti (Chr. Michelsens Institutt, UiB)

Marianne Nerland, disputerte i juni med doktorgraden “NGOs in Refugee Camps” (Det juridiske fakultet, UiB)

Tellef Solbakk Raabe, forskar på forretningsstrategiar i norsk mediebransje (University of Cambridge, gjesteforskar ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, UiB)

Solveig Moldrheim, forskar på gruppebaserte krenkingar og bruk av fordommar i skulen (Det humanistiske fakultet, UiB)