Praktisk informasjon
Tidspunkt
15. March 2023 kl. 17:00 - 18:30
Sted
Teglverket
Facebook
Facebook linkArrangør
Norsk målungdom
Pris
Gratis
Fagspråk: Er berre engelsk godt nok?
Det norske fagspråket er under sterkare press enn nokon gong. Stadig meir av kvardagen i forsking og høgare utdanning føregår på engelsk. Nær halvparten av masteroppgåver vert skrivne på engelsk, og norsk tapar terreng som undervisingsspråk på alle fagfelt. Kvifor er det slik? Og er det slik det må vere?
Me inviterer til samtale i Teglverket på Det Akademiske Kvarter, med desse i panelet:
- Jorunn Simonsen Thingnes, sosiolingvist og førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet
- Endre Brunstad, professor i nordisk fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen
- Oscar dos Santos Kvalsvik, nestleiar i Studentparlamentet ved UiB
Møtet er gratis og ope for alle.
Praktisk informasjon
Tidspunkt
15. March 2023 kl. 17:00 - 18:30
Sted
Teglverket
Facebook
Facebook linkArrangør
Norsk målungdom
Pris
Gratis