Praktisk informasjon

Tidspunkt
07. mai 2026 kl. 16:00 - 17:00
Sted
Tivoli
Type
Debatt
Arrangør
Debatt

Debatt om fylkeskommunen

Kva driv eigentleg fylkeskommunen med? Er du frå Oslo veit du kanskje ikkje kva det er. Dette mellomorganet mellom stat og kommune er omdiskutert, og fleire meiner at det er eit prakteksemplar på byråkratisk sløsing.

Høyre og Framstegspartiet har begge teke til orde for å legge ned fylkeskommunen. I 2025 la Høyre fram ein konkret plan for Stortinget om korleis avvikle fylkeskommunen. Hovudargumenta er betre samordning, effektivisering av arbeidsoppgåvar, slanking av byråkratiet og at oppgåvane vert gjennomført nærmare folket.

Samstundes slit kommunane med å gjennomføre dei lovpålagte oppgåvane dei allereie har idag. I tillegg kan fylkeskommunen sikre eit naudsynt regionalt blikk som er viktig for betre samhandling og utvikling.

Vi har invitert fylkesordfører Jon Askeland i lag med historikar ved UiB Yngve Flo for å diskutere dette spennande temaet. Så kom til Tivoli på Kvarteret torsdag 07.05. klokka 18!

Praktisk informasjon

Tidspunkt
07. mai 2026 kl. 16:00 - 17:00
Sted
Tivoli
Type
Debatt
Arrangør
Debatt